Friske Folk turva ingen Lækjar.

You'll never walk alone

Publisert 31. januar 2010 av Vebjørn Samuelsen under Blogg

You'll never walk alone er det fleire fotballag som promoterar seg sjølv med - det er gjerne sant det, men gå for all del i vert fall. Dette meiner Selja og forfattar Jorunn Liv Kleiven, som i fjor gav ut boka Gå sjøl.

Utsikt frå Jøtulshaugen, Dale i Sunnfjord / Foto: Vebjørn Samuelsen

Gå sjøl er ei turbok som byr born og vaksne på 94 turar gjennom heile Sunnfjord. Enten du er lysten på ein ake-, fot- eller sykkeltur kan du vere sikker på at du finn ein passande tur i ditt nærområde i boka. I tillegg til kart, bilete og informasjon om turane, får du med ein heil guide som tar for seg nyttige tips til matlaging, val av klede, aktivitetar, fakta om turmålet og stadar ein ser undervegs.

Der ja, no har du i vert fall ingen grunn til å ikkje ta i bruk den fantastiske naturen vi er så heldige å vere omgitt av. Vi håpar boka kan vere til inspirasjon, og at ho blir med i sekken neste gong du og familien skal ut på tur!

Les meir om boka, eller kjøp Gå sjøl

Del

Du må være innlogga for å poste kommentarar

Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no

Copyright © 2009-2012 Dale Bok & Papir as | administrasjon | Utvikla av CodeService.no | Drevet av CodePublish BHE 2.2