Welcome to the mountains
Publisert 20. februar 2010 av Vebjørn Samuelsen under BloggVinterferien nærmar seg - ferie for nokon, arbeid for andre. På Dale Bok & Papir er det i vert fall ikkje tvil - her tar underteikna, Sjefolainen, turen på fjellet, mens damene blir igjen for å hjelpe deg med vinterferiehandelen.
Foto: Marty Odom/Polaris
Vinterferien er nemlig godt synlig på Dale Bok & Papir - ikkje gjennom lite folk og lite varer, nei, vi har mange gode tilbod klare til deg enten du vil ha med deg noko på fjellet eller bere skal vere heime og jakte på fleire OL-medaljar.. Sjekk ut våre gode tilbod:
- vi sel AGA WasserMaxx Deluxe, ei unik kullsyremaskin, for under tusenlappen. Kjøp i vinterferien og få med sunne og friske smaksessensar.
- mange engasjerande spel. Dale Bok & Papir anbefalar Ligretto eller eit offisielt pokersett frå World Poker Tour for vinterferien.
- godt utval av pocketbøker. Eg anbefalar deg å lese nyårets store vinnar Blodets Bånd av Robert Wilson, den berømte Lille Tre av Forrest Carter, Du finner meg i fjellene av same forfattar eller den geniale Den første slurken med øl av franske Philippe Delerm. Det er ei ny utgave av etterspurde Ørsmå gleder der han tar for seg alle dei tinga som gjer livet godt å leve, blant anna ein overraskande invitasjon:
"Det var verkeleg ikkje meininga. Ein hadde enno arbeid ein skulle ha gjort til morgondagen. Ein kom berre for å spørje om noko, og så: - Du et vel middag med oss? I all enkelheit, det huset har å by på! Dei sekunda det tar mens ein kjenner at forslaget kjem, er herlege. Det dreier seg sjølvsagt om tanken på å forlenge ein fin augneblink, men også det å kunne endevende tida. Dagen hadde alt vore så føreseieleg; kvelden såg ut til å bli så trygg og programmert. Og så, vips, på to sekund er ein ung att. Brått kan ein forandre tingas forløp. Sjølvsagt takkar ein ja."
Kom innom for ein trivelig handel, og gjer vinterferiekuppet på Dale Bok & Papir!
- Vi snakkast på fjellet!





Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no