Party Alias - ein sikker vinnar
Publisert 9. november 2009 av Vebjørn Samuelsen under BloggHelga som var samla butikksjef Hilde troppane saman til spelekveld heime hos ho og Stigen. På Dale Bok & Papir har vi fått inn mange nye spel for jula, så sjekk ut resten av bloggen for ei anbefaling!
For at du skal vere sikker på at anbefalinga du får på bokhandelen skal gje deg ei spelerik og kjekk romjul, testa vi like godt nokre av spela. På programmet stod 'Party Alias', 'Når skjedde det?', 'Norge i et nøtteskall', 'Ligretto' og den beste Dronning Maud-puddingen nord for Haugesund!
Det var ingen tvil om kven som skulle regjere då det første spelet, Ligretto, vart testa ut - Sjefolainen sjølv slo ekstremt godt frå seg, og viste dei andre at dette kanskje mest er eit spel for dei framadstormande og ikkje dei som har passert sin ungdoms vår. Ein real knockout frå Sjefolainen kan ein seie, ironisk nok på same dag som David Haye slo bamsen frå Russland, Nikolai Valujev, og vart ny verdsmeister i boksing.
Vidare testa vi 'Når skjedde det?' og 'Norge i et nøtteskall', begge kjekke familiespel som vil få fram vinnarinstinktet hjå folk i alle aldrar.
Til slutt stod vi igjen med 'Party Alias', spelet det var knytt mest forventningar til. Har du spelt den første versjonen av 'Alias' kan du forberede deg på meir moro, meir action og mykje meir latter. Det bør vere overbevisande nok for å ønske seg det til jul, vi på Dale Bok & Papir kan i vert fall love deg ein fest rundt bordet! Om du framleis ikkje er overbevist bør det ikkje vere noko tvil igjen etter at Brettspillguiden har kåra det til Årets Selskapsspel - brettspelverdas svar på Oscar.
Om du trur nokon du kjenner ønsker seg eit spel eller kanskje den klassiske biografien om Jakob Sande av Ove Eide, så kom innom oss på Dale Bok & Papir og vi vil hjelpe deg med julegåvehandelen!
La handelen starte allereie i morgon, då inviterar Dale Bok & Papir saman med Dale Senter til Nattope og kan by på mange gode tilbod.
Ressursar:
Brettspelguiden testar Party Alias - Årets Selskapsspel 2009





Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no