Paradisdager i Storevik
Gøsta Af Geijerstam
Revidert utgåve av "Paradisdager i Storevik" og "Ongene og vi to i Storevik"
To som fann eit paradis
Det hende i Berlin i 1914: Biletkunstnaren og forfattaren Gösta af Geijerstam frå Stockholm møtte embetsmannsdottera Astri Smith frå Dale i Sunnfjord. Han studerte kunst, ho studerte song og musikk. Dei vart stormande forelska, vart samde om å leve i lag på luft og kjærleik, og dei gjorde alvor av det også. Dei gifte seg i Kristiania i 1915, og etter hytteliv i Asker og Sel i Gudbrandsdalen – der Gösta nokre år tidlegare hadde vorte kjend med Sigrid Undset på ein måte som utvikla seg til eit varmt og livslangt vennskap – overtok ekteparet så det store huset etter foreldra hennar i 1917. I strid med alle spådommar vart dei buande der livet ut.
Kommunesenteret Dale var den gongen ein vestlandsk idyll ved fjorden med 500 menneske, ei blanding av småbrukarar, skolefolk og embetsmannsfamiliar. Det var mange som rådde kunstnarparet ifrå å slå seg ned her, ein avkrok der det var langt til forlag og aviser som skaffa pengar til levemåten. Det tok to-tre dagar å komme seg til Kristiania, og posten kunne ta fire-fem dagar. Kunstutstillingar var heller ikkje noko å tenkje på her. Kunstnarparet levde nok frå hand til munn. Lånet på huset var tyngjande. Det vitnar om eit sorglaust syn på livet at dei tok opp endå eit stort lån for å skaffe seg eit småbruk til sommarbustad på ei øy ute i fjorden. Om livet der skreiv Gösta af Geijerstam to bøker – «Paradisdager i Storevik» og «Ongene og vi to i Storevik», samla i ei bok på forlaget Scriptoriet i Selje. Det er yngste dottera, Sunniva af Geijerstam Hagenlund, som står for utgjevinga. Desse bøkene, som kom i 1925 og 1937, fekk eit stort og takksamt publikum etter uvanleg rosande omtale i pressa. Dei vart utgjevne med stor suksess også i Sverige, Danmark, Tyskland, Polen, England og USA. Det har lenge vore eit sterkt ønske om å finne dei i bokhandelen på nytt, og ønsket er nå oppfylt.
Nå må ein kunne seie at Astri og Gösta af Geijerstam budde landleg nok som det var i Dale då dei kjøpte småbruket på Øyna, men Gösta, som ofte var ute på fjorden og fiska, sat i båten og drøymde seg dit som eigar. – Vet du, sa jeg til Astri, nå tror jeg endelig jeg har funnet et sted hvor du og jeg kan dra oss tilbake når vi blir gamle. Et stykke ute i fjorden ligger der en ø. Den heter rett og slett Øen (Øyna), for her finnes bare en ø. Så der kan aldri bli noen misforståelse om den ting, skreiv han i boka. – Hvorfor skal vi vente til vi blir gamle, spurte hun. Jeg steilet. Det var så likt kvinnen dette. Jeg visste ikke hva det het, eller hvem som eide det. Om det i det hele tatt kunne kjøpes. Og så bodde vi jo på landet året rundt, og bare det å tenke på å legge oss til med et sommersted, hadde aldri falt meg inn. Nei, for meg var dette bare en drøm jeg hadde forelsket meg i, uten alle konturer og detaljer – kanskje noe om voksne barn, som fløy fra redet, hvitt hår og en fredfull alderdom i en hytte under susende trær.
Så kjøpte dei småbruket på Øyna og flytte dit om sommaren med fem barn – det sjette barnet, Sunniva, kom til der. Det skulle vere ein feriestad, men med på kjøpet fekk dei kyr, ein gris, høner og sauer. Sjølv kunne dei ikkje det minste om gardsdrift, men skaffa seg litt kunnskap etter kvart, og med hjelp greidde dei seg så godt at dei kunne overvintre då dei vart tvinga til å leige ut huset i Dale av økonomiske grunnar. Gösta af Geijerstam skildrar dette livet med stor humor, og i naturskildringane gjer han småbruket til det paradiset han tykte det var. Kulturkollisjonane blir skildra med smil. Ein julekveld sa Astri smilande til Gösta då han skulle i fjøset: – Du aner ikke hvor rar du ser ut – smoking og tresko. Det tykte Gösta høyrdest ut som ein god boktittel.
Dalsfjorden kosta to søner livet. I 1937 drukna ein son, berre 20 år gamal. Etter det skreiv ikkje Gösta fleire bøker. I 1949 drukna ein annan son, 28 år gammal. Desse ulykkene tok hardt på foreldre og søsken. Paradisdagane i bøkene er lysande minne om eit strevsamt, men lykkeleg familieliv, like godt å lese om i dag som for ein mannsalder sidan.
© Dag og Tid, Herbjørn Sørebø - november 1997
UTSOLGT
Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no