Nynorsk lyrikk er hipt
Publisert 21. november 2009 av Vebjørn Samuelsen under BloggSelja Forlag har nylig gitt ut den sprekaste lyrikkboka vi har vert vitne til her på Dale Bok & Papir! Aldri før har verken Ivar Aasen eller Jakob Sande fenga meir.
Reformane på 90-talet og Kunnskapsløftet har alle hatt det som eit av sine mål, men det er ingen som kan sei at dei har lykkast. Nei, ingen før Selja Forlag har tatt saken i eigne hender - nemlig å få nynorsk lyrikk til å bli hipt og kult.
Gløym lærebøker og gløym prosjektarbeid, løysinga var enklare enn som så. Selja har putta det beste av dei beste innan nynorsk lyrikk mellom eit rosa omslag som er pynta med lerka Per Sivle skriv om.
Og vesle lerka, ho hev det slik,
at finn ho ein solstråle, so vert ho rik.
Då stig ho i høgdi og traller i lit
til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.
- "Å hei! å hi! å tiriliti!"
Ei vanntett anbefaling til den som måtte ha alt enten det er ei gåve til seg sjølv eller andre!





Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no