Ny nettstad for bøker
Publisert 2. november 2009 av Vidar Samuelsen under NyhendeDale bok & papir a.s. lanserer i dag ei ny side på nettet der vi sel og informerer om litteratur av og om Jakob Sande, bøker om hjort og hjortejakt, og lokal litteratur frå Fjaler.
Vi på Dale bok & papir a.s. er så beskjeden at vi trur at vi skal kunne vere den beste bokhandelen i verda når det gjeld Jakob Sande - vi skal vere beste leverandør i Norge på litteratur som handlar om hjort og hjortejakt og vi skal sjølvsagt vere best på lokal litteratur.
Kvifor er vi så beskjeden at vi trur dette? Vi har vakse opp med Jakob Sande og hans dikting, Bestefarstua og Klokkargarden ligg berre nokre ti-tals meter frå butikken. Hjort og hjortejakt har alltid spelt ei stor rolle i lokalsamfunnet i Fjaler. Fjaler er ein av dei største hjortekommunane i landet. Bokhandelen har fleire tilsette som er sterkt knytta til hjortejakt. Til slutt lokallitteratur; Vi er nærast kjelda, vi har gode kontaktar innan dei lokale forlaga og vi fylgjer godt med på kva som kjem ut av lokale bøker.
Du vil også finne eit nytt sitat av Ivar Aasen her kvar dag.
Er du på jakt etter noko om Jakob Sande, om hjort eller hjortejakt, eller lokal litteratur - prøv oss, og sjå om du finn det du vil ha i utvalet vårt. Om ikkje så send oss ein e-post eller ring. Vi er her for deg.









Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no