Ny bok av lokal forfatter
Publisert 21. november 2011 av Vidar Samuelsen under NyhendeGulatinget - historia om Gulatinget og Gulatingslova ført i pennen av Siri Ingvaldsen, busett i Dale, er no i handelen.
Gulatinget er ein av dei eldste regionale tingstadeni Noreg, truleg etablert av Harald Hårfagre seint på 800- eller tidleg på 900-talet. Den opphavlege tingstaden var i Eivindvik i Gulen, midt på Vestlandskysten og ved innløpet til Sognefjorden. Tinget vart seinare truleg flytta til Flolid, og her er det i dag lagt ut ein tingpark, som og er tusenårsstad for Sogn og Fjordane.
Tingordninga var det første steg mot politisk organisert maktdeling i Noreg, og ho vart ein viktig inspirasjonskjelde for det moderne demokratiet. Det går ei linje frå Gulatingslova til Grunnlova i 1814.
Denne boka fortel historia om Gulatinget og Gulatingslova i vikingtid og tidleg mellomalder. Ho er samstundes ein kulturhistorisk vegvisar til dei to tingstadene Eivindvik og Flolid. Boka er rikt illustrert med foto og kart.
Siri Ingvaldsen (f.1959) arbeider ved Universitet i Agder. Ho har vore engasjert ved Haugland Internasjonale Forsknings- og Utviklingssenter (HIFUS) som prosjektleiar for historiske prosjekt, m.a. knytt til Gulatinget og internasjonalt tingstadsamarbeid i Nord-Atlanteren. Ingvaldsen har bakgrunn som biblotekar og lærar, med historie som hovudfag.





Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no