Noveller i samling
Jakob Sande
Noveller frå samlingane "Straumar i djupet", "Eit Herrens ver" og "Skarlagensnora" er samla i denne boka. © DnBB AS
«Noveller i samling»
Inb.: Innbunden
Sider: 373
Utgitt: 1999
ISBN: 9788205266902
Legg i handlekurven
Jakob Sande (1906-67) er ein folkekjær lyrikar; og dikta og visene hans har ein usliteleg appell. Men Sande skreiv òg forteljingar, og denne boka samlar dei tre novellesamlingane han gav ut: Straumar i djupet (1935), Eit Herrens vér (1943) og Skarlagensnora (1946).
I novellene møter vi Jakob Sande som ein sansevar skildrar av vestlandsnaturen og ein medfølande observatør av småkårsfolk. Her er skildringar av strenge livskår, av menneske i kamp mot naturkrefter, styresmakter og armod, og her er humoristiske, ofte bitande ironiske utleveringar av menneskeleg dårskap.
Det sterke sosiale engasjementet som preger Jakob Sandes noveller kjem først og fremst til syne gjennom det varme og forståande blikket han har for kvardagsslitarane, sjølv om veikskapane deira òg kan vere mange, og ikkje vert lagt skjul på.
Jakob Sandes Noveller i samling har lenge berre vore tilgjengeleg i pocketbokutgåve. Her kjem dei i ei vakker, innbunde bok i stil med nyutgjevinga av Sandes Dikt i samling. Professor Atle Kittang har skrive etterord.
Levert av © DnBB AS
Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no