Friske Folk turva ingen Lækjar.

Møt forfatteren Siri Ingvaldsen på bokhandelen

Publisert 4. desember 2011 av Vidar Samuelsen under Blogg

Neste lørdag fortsetter vi med boksignering på bokhandelen. Etter suksessen med Ole Johannes Øvretveit sist lørdag, får vi no besøk av Siri Ingvaldsen med si nye bok om Gulatinget.

Forfatteren Siri Ingvaldsen (f.1959) arbeider ved universitetet i Agder. Ho har vore engasjert ved Haugland Internasjonale Forsknings- og Utviklingssenter (HIFUS) som prosjektleiar for historiske prosjekt, m.a. knytt til Gulatinget og internasjonalt tingstadsamarbeid i Nord-Atlanteren. Ingvaldsen har bakgrunn som biblotekar og lærar, med historie som hovudfag.

Gulatinget er ein av dei eldste regionale tingstadene i Noreg, truleg etablert av Harald Hårfagre seint på 800- eller tidleg på 900-talet. Den opphavlege tingstaden var i Eivindvik, midt på vestlandskysten og ved innløpet til Sognefjorden. Tinget vart seinare truleg flytta til Flolid, og her er det i dag lagt ut tingpark.
Tingordninga er det første steget mot politisk organisert maktdeling i Noreg, og ho var ei viktig inspirasjonskjelde for det moderne demokratiet. Det går ei linje frå Gulatingslova til Grunnlova i 1814.

Denne boka fortel historia om Gulatinget og Gulatingslova i vikingtid og tidleg mellomalder. Ho er samstundes ein kulturhistorisk vegvisar til dei to tingstadene Eivindvik og Flolid. Boka er rikt illustrert med foto og kart.

Om du vil ha ein særs interessant bok om viktig historie frå våre nærområder, med helsing frå forfatteren, så legg julehandelen til Dale Senter førstkommande lørdag.

Del

Du må være innlogga for å poste kommentarar

Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no

Copyright © 2009-2012 Dale Bok & Papir as | administrasjon | Utvikla av CodeService.no | Drevet av CodePublish BHE 2.2