Kaldt ute, kaldt inne..
Publisert 9. januar 2010 av Vebjørn Samuelsen under Blogg- men min santen ikkje kaldt i hjerte eller sinn på Dale Bok & Papir! Sant nok stig ikkje kvikksølvet lenger enn til 12 rød inne på bokhandelen, men det er framleis ein differanse på 30 til utandørs..
Foto: Diane Noetinger // Transplant
I det dei pratar om global oppvarming på både tv og Coop-benken, ser det ut til at naturen talar ekspertane midt i mot og slår til med ei ny istid. Kom ikkje, De Ekspertar, og be meg om å skru ned innetemperaturen med to grader no nei. Noko skal desse ekspertane heller få rett i, og det er bekymringa for at havnivået skal stige. Ein plass må jo all denne snøen gjere av seg når påska er forbi..
La derimot ikkje snøen hindre deg frå å nyte vinteren. Varm opp med det siste kåseriet frå Are Kalvø, Nytt om Minus, før du kjem innom Dale Bok & Papir og blir anbefalt enten bok, film eller cd, alt etter smak.
Gløym heller ikkje å registrere deg på Dalebok.no for å motta nyheitsbrev kor du vil bli tilsendt tips, triks og gode tilbod!





Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no