Julequiz - vinn ei bok (runde tre)
Publisert 13. desember 2009 av Vebjørn Samuelsen under BloggTredje lys i adventsstaken er tent og julebaksten har ikkje stoppa på sju sortar - at det nærmar seg jul merkar vi på Dale Bok & Papir òg.
Foto: NRK
Forrige runde var det ingen fasitsvar, men det var mange som kunne nemne to forlag frå Sogn og Fjordane. Blant svara vi fekk inn gjekk Selja Forlag, Skald og Penna Forlag igjen.
I dag tar vi oppgåva vekk frå vår eiga heimebane og skal teste deg i noko som er like vanlig om jula som pinnekjøtt og klementinar, nemlig vintersport. Kom igjen og vis kva du er god for! I dagens oppgåve har alle muligheten til å gå i tet før den siste og spennande finalerunda, sidan det delast ut eit poeng for kvart spørsmål.
1. Kven har fått æra for v-stilen i skihopping?
2. Postgirobygget har skrive ein sang med tittel same som ein av vinter-OL-byane det siste tiåret, kor mange gullmedaljar tok Norge i det mesterskapet vi skal fram til?
3. På kva distanse knuste Ronny Hafsås verdseliten i langrenn?
Du kan svare heilt fram til neste spørsmål søndag 13. desember. Send ein e-post med svaret ditt til post@dalebok.no!
Lykke til!





Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no