Friske Folk turva ingen Lækjar.

Julequiz - vinn ei bok (runde to)

Publisert 6. desember 2009 av Vebjørn Samuelsen under Blogg

Like sikkert som at det er andre søndag i advent, så fortsett Dale Bok & Papirs julequiz med andre runde. Hugs at den med flest riktige svar ut av fire spørsmål kan vente seg ein ekstra julepresang i år!

I denne vekas runde heng ikkje poenga like laust som i forrige, så her får du ein gylden mulighet til å stikke frå om du svarar rett. Det er heller ikkje for seint å melde seg på i kampen om ei god bok.

Vi skal fram til namnet på to forlag som er frå Sogn og Fjordane. Kan du nemne to, er du eit poeng rikare i julequizen - så kom igjen og vis kva du er god for! To forlag frå Sogn og Fjordane?

Du kan svare heilt fram til neste spørsmål søndag 13. desember. Send ein e-post med svaret ditt til post@dalebok.no!

Riktig svar på forrige oppgåve var sjølvsagt Jakob Sande.

Del

Du må være innlogga for å poste kommentarar

Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no

Copyright © 2009-2012 Dale Bok & Papir as | administrasjon | Utvikla av CodeService.no | Drevet av CodePublish BHE 2.2