Det kann ingen vitna sannere enn han veit.

Jakob Sande 2008

Årboka 2008

Jakob Sande-selskapet er tilbake med ny årbok. Ei bok som også denne gongen lar lesarane oppdage nye sider av Sande sine dikt, samtidig som boka gjev eksempel på aktivitetar og interesse rundt Sande si dikting.

«Jakob Sande 2008»
Forlag: Jakob Sande Selskapet
Inb.: Innbunden
Sider: 162
Utgitt: 2008
ISBN: 9788291722993

Pris:kr. 315,-
Legg i handlekurven

Gjennom ei rad artiklar blir det sett interessante søkelys på ulike sider av lyrikken til Jakob av nokre av dei fremste litteraturvitarane tilknytt Universitetet i Bergen, www.uib.no . Vi kan love lesarane nye og interessante vinklingar i Sande-lesinga.

Jakob Sande sine tekstar blir sungne i tallause samanhengar. M.a. vart det i jubileumsåret i 2006 og etterpå sett opp ei rekkje Sande-framsyningar landet rundt. Vi set søkely på "Jakob Sande-musikken". Kan musikken som blir sett til dikta hans øydelegge for oppleving av tekstane, eller kan musikken forsterke opplevinga?

Ellers vil Ove Eide, biografen, fortelje om korleis biografien om Sande vart møtt landet rundt, og i pressa, som gjerne ville ha oppslaga og sensasjonane. Dette er ein biografi som selde meir enn dei fleste forfattarbiografiar. Det fortel litt om den posisjonen Sande har, som det vil gå fram av dei glimta denne boka gjev av Sande-aktivitetar etter jubileumsåret.

Ei bok full av interessant lesestoff for Sande-vener!

Redaksjon: Edvin Helgheim, Gunnstein Akselberg og Margrete Reisæter

Del
Copyright © 2009-2012 Dale Bok & Papir as | administrasjon | Utvikla av CodeService.no | Drevet av CodePublish BHE 2.2