Friske Folk turva ingen Lækjar.

Ingolfr

Norsk-Islands hopehav 870-1536

Boka handlar om den norske utvandringa til Island i perioden 870 til 1536, og om Noreg og Islands felles historie og opphav. Dei ulike kapitla tar for seg det norske vikingssamfunnet slik det var før utvandringa, innvandringa til Island, det norske-islandske sambandet som oppstod i middelalderen, og myten om Ingolf Arnarsen, den første landnåmsmannen på Island. © DnBB AS

«Ingolfr»
Forlag: Selja Forlag AS
Inb.: Innbunden
Sider: 255
Utgitt: 2005
ISBN: 9788291722504

Veil. pris:kr. 198,-
Vår pris:kr. 98,-
Du spararkr. 100,-
Legg i handlekurven

Ingolf Arnarson er rekna som den første landsnåmsmannen på Island. Han kom frå Dalsfjordområdet i Sunnfjord til Island kring år 870. Sidan kom kanskje 10 000 innvandrar til, dei fleste nordmenn, og grunnla ein nasjon som i stor grad var prega av det norske opphavet.

Denne boka fortel den felles historia Noreg og Island har, frå landnåmstida og fram gjennom mellomalderen til nyare tid. Utvandrarane kom i hovudsak frå norskekysten, med vestlandet som eit tyngdepunkt.

Boka fortel om norsk vikingtid, om vikingskipa og ferda over havet, og om busetjing og organisering av eit nytt samfunn på Island. Det er ei fascinerande, spennande og eineståande historie: I nyare historisk tid har ikkje eit så stort, folketomt landområde blitt busett og teke i bruk med det resultat at ein nasjon og eit samfunn vart oppretta. Ikkje noko land i verda kan vise til liknande opphav som Island.

Ingolfr inngår i ein serie med mellomalderhistorie på Selja Forlag. Tidlegare er utkome "Audun Hugleiksson" 2002 og "Riddarane av Losna" 2003. Alle bøkene i serien er rikt illustrerte, og inneheld det siste som er kome fram av materiale og forsking på området.

Jón Viðar Sigurðsson (f.1958) frå Hafnarfjörður, Island, har budd i Noreg sidan 1984. Førsteamanuensis ved Institutt for arkeologi, konservering og historiske studier, Universitetet i Oslo. Har skrive ei rekkje artiklar og bøker, m.a. "Frá goðorðum til ríkja" "Chieftains and Power in the Icelandic Commonwealth", Norsk historie 800-1300", "Kristninga i Norden 750-1200".

Berit Gjerland (f.1954), Førde, er arkeolog og rådgjevar i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Kulturavdelinga, og var i 6 år kulturvernleiar. Ho var medforfattar i "Audun Hugleiksson" og "Riddarane av Losna". Gaute Losnegård (f.1970), Askvoll, er historikar, bygdebokforfattar og frilans skribent. Han har skrive fleire lokalhistoriske bøker, m.a. "Peter Andreas Blix" og "Bygdebok for Jondal kommune", og han var også medforfattar i "Riddarane av Losna".
Levert av © DnBB AS

Del

Du må være innlogga for å poste kommentarar

Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no

Copyright © 2009-2012 Dale Bok & Papir as | administrasjon | Utvikla av CodeService.no | Drevet av CodePublish BHE 2.2