Hjortejakta 2010
Publisert 15. februar 2011 av Vidar Samuelsen under HjortTrass i at dei endelege statistikkane på hjortefelling i 2010 ikkje er klare før i slutten av mars, ser det ut til at hjortejakta for 2010 kjem til å ende på same nivå som i 2009.
Tal frå Hjorteviltregisteret viser at det er skote i underkant av 11.500 hjort i Sogn og Fjordane, ein marginal auke på 13 dyr frå året før, opplyser hjortesenteret på Svanøy.
Dei siste åra har det vore auke i tal fellingar, men 2010 ser trenden ut til å flate ut.
– Ein skal vere varsam med å trekkje konklusjonar på dette grunnlaget, Tala er ikkje klare før seinare på året, konstaterer Stein Joar Hegland, forskings- og utviklingsleiar ved Stiftinga Norsk Hjortesenter.
Han legg til: – Vi såg likevel ei generell reduksjon i bestandsindikatoren for dei to største hjortefylka Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i 2009, medan det enno var ei svak auke i Hordaland.
Han meiner likevel å sjå eit mønster i at nedgangen er knytt hovudsakleg til kystkommunar, medan fellingstala aukar i indre strok.





Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no