Hjortedrøs med Hjortejegerne
Publisert 1. desember 2009 av Vidar Samuelsen under NyhendeFredag 4. desember inntar hjortejegerne Transplant. Då kjem Egill Danielsen, forfattar av boka Hjortejegerne, i lag med nokre av landets beste jegerar til Fjaler.
Kurt Oddekalv, Helga-Mari Tessem, Johan Trygve Solheim og Geir-Helge Østerbø er alle framragende hjortejegerar frå vårt eiga fylke. Dei kjem til Dale på fredag for å vere med å drøse om hjort og hjortejakt. I boka Hjortejegerne har dei alle bidrege med flotte historier om jakt, og dei delar sin store kunnskap om jakt med lesarane.
Johan Trygve Solheim frå Norsk Hjortesenter på Svanøy vil i tillegg ha med eit slakt av hjort og han vil gje oss ei god innføring i partering og oppstykking av storvilt.
Det vert sal av boka Hjortejegerne, samt mange andre hjortebøker.
Arrangementet er gjort mulig med støtte frå viltnemndene i Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Gaular og Førde, samt Den Kulturelle Spaserstokken.
Matglede ANS og Kystvilt bidreg med snacks.
Alle er velkomen!
Les òg: Julequiz - vinn ei bok





Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no