Friske Folk turva ingen Lækjar.

Gulatinget

Siri Ingvaldsen

Gulatinget er ein av dei eldste regionale tingstadene i Noreg, truleg etablert av Harald Hårfagre seint på 800- eller tidleg på 900-talet. Den opphavlege tingstaden var i Eivindvik, midt på vestlandskysten og ved innløpet til Sognefjorden. Tinget vart seinare truleg flytta til Flolid, og her er det i dag lagt ut tingpark.  

«Gulatinget»
Forlag: Selja Forlag AS
Inb.: Innbunden
Sider: 104
Utgitt: 2011
ISBN: 9788282400466

Pris:kr. 268,-
Legg i handlekurven

 Tingordninga er det første steget mot politisk organisert maktdeling i Noreg, og ho var ei viktig inspirasjonskjelde for det moderne demokratiet. Det går ei linje frå Gulatingslova til Grunnlova i 1814.

Denne boka fortel historia om Gulatinget og Gulatingslova i vikingtid og tidleg mellomalder. Ho er samstundes ein kulturhistorisk vegvisar til dei to tingstadene Eivindvik og Flolid. Boka er rikt illustrert med foto og kart.

 

Forfatteren Siri Ingvaldsen (f.1959) arbeider ved universitetet i Agder. Ho har vore engasjert vedHaugland Internasjonale Forsknings- og Utviklingssenter (HIFUS) som prosjektleiar for historiske prosjekt, m.a. knytt til Gulatinget og internasjonalt tingstadsamarbeid i Nord-Atlanteren. Ingvaldsen har bakgrunn som biblotekar og lærar, med historie som hovudfag.

Del

Du må være innlogga for å poste kommentarar

Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no

Copyright © 2009-2012 Dale Bok & Papir as | administrasjon | Utvikla av CodeService.no | Drevet av CodePublish BHE 2.2