Friske Folk turva ingen Lækjar.

Gå sjøl

Familieturar i Sunnfjord

"Gå Sjøl" er ein turbok for barn og vaksne. Sunnfjord byr på fantastisk natur. Her er ope kystlandskap, varierte skogar og høge fjell. Både sommar, haust, vinter og vår er det mykje å nyte og mykje å oppleve.

«Gå sjøl»
Forlag: Selja Forlag AS
Inb.: Innbunden
Sider: 216
Utgitt: 2009
ISBN: 9788282400114

Veil. pris:kr. 348,-
Vår pris:kr. 99,-
Du spararkr. 249,-
Legg i handlekurven

Denne boka fortel om 94 turar gjennom alle dei sju kommunane i Sunnfjord; Fjaler, Askvoll, Flora, Naustdal, Førde, Gaular og Jølster. Boka inneheld både sykkel- ski/ake- og fotturar og gjev nyttige tips til matlaging, val av klede, aktivitetar, leikar, fakta om turmålet og stader ein ser undervegs.

"Gå sjøl" ineheldt godt over 300 flotte bilete, kart og fyldig informasjon om alle turane. Vi håper boka kan vere til inspirasjon og at ho blir med i sekken neste gong du og familien skal ut på tur!

God tur!

Del

Du må være innlogga for å poste kommentarar

Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no

Copyright © 2009-2012 Dale Bok & Papir as | administrasjon | Utvikla av CodeService.no | Drevet av CodePublish BHE 2.2