Fest i Fjaler 2010
Publisert 18. juli 2010 av Vidar Samuelsen under NyhendeI tidsrommet 6 - 15 august går årets Fest i Fjaler av stabelen. Nytt av året er litteraturfestivalen med fokus på Jakob sande sin diktning som foregår parallellt i tidsrommet 6 - 13 august.
Litteraturfestivalen Fest i Fjaler arrangerast i Dale i Sunnfjord, 6.-8. august 2010. Det blir eit litteraturseminar over 2 dager med tema "Sande på diktarveg", Kobbeskjerskveld med båttur, konsert med Sigrid Moldestad og dans med Dalsfjorden Spelemannslag på kvelden. det blir eit 3 dagers skrivekurs for ungdom mellom 16 og 26 år, og på Fabeldagen blir det forteljarkurs for barn mellom 10 og 15 år, og forteljarteater for barn mellom 6 og 10 år i Jakob Sande-Tunet. Elles blir det omvisningar, open kafe og utstillingar. Mykje moro er i vente for alle!
Og hugs at på bokhandelen skal du kunne få dei aller fleste bøkene både av og med Jakob Sande, i tillegg til musikk kor hans diktning er brukt.
Velkomen til Dale og Fest i Fjaler.





Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no