Doktoren og vesledoktoren
Publisert 3. desember 2011 av Vidar Samuelsen under BloggI dag, lørdag 3 desember får vi besøk på bokhandelen av forfatter Ole Johannes Øvretveit.
Ole Johannes er i år ute med sin nye roman, Doktoren og Vesledoktoren. Dette er ein oppvektsroman frå Sande i Sunnfjord, der vi møter Ole Johannes som Vesledoktoren, og far hans, som er Doktoren. Vi får også møte familien forøvrig. Ole Johannes, kjent som bloggeren Maratonmannen på bt.no, skildrar ein barndom som fortonar seg litt utanom det vanlege. Kva slags tråder er det plasteret tiden brukar til å lege sår med? Det spørsmålet stilte Ole Johannes seg da hans far gjekk bort. Tolv år tok det ham å finne da ut. Og det som i utgangspunktet skulle bli ein bok om død og sorg, blei til slutt ein gripande feelgood fortelling om livet, kor vakkart og vidunderleg det er, og om dei skimrande trådar av kjærlighet som eins næraste spinner rundt ein. Om en berre let dei få lov. Kom og konsulter Vesledoktoren, kjøp deg eit signert eksemplar av boka hans og kanskje du finn svar på noko av det du lurar på om døden, sorgen og livet i si heilskap. Vesledoktoren tek imot pasientar mellom klokka 11 og 13 på bokhandelen i Dale.





Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no