Friske Folk turva ingen Lækjar.

Avtalevilkår

Avtalevilkåra gjeld for alt sal på Dale bok & papir a.s. sine nettsider, www.dalebok.no Gjennomførte bestillingar inneber at kunde har godkjent avtalevilkåra våre og samtykkjer i at namn og adresse m.m vert registrert i kunderegisteret vårt.

For å kunne handle på nettsidene våre må kunden vere fylt 18 år. Ved første bestilling må kunden registrere seg ved å oppgi namn, postadresse, e-postadresse og passord. Har kunden spørsmål om dette kan ein kontakte oss på tlf. 57 73 68 70 eller sende ein e-post til: post@dalebok.no. Vi handsamar personopplysingar i tråd med Personopplysingslova. Når kunden har gjennomført, godkjent og fått ordrestadfesting på e-post, er bestillinga bindande.

Utsending, pris og betaling

Prisar på bøkene er oppgitt i norske kroner. Dale bok & papir a.s held i hovudsak same prisar som andre utsalstader på bøker, men lokale tilbod, kampanjar og andre variasjonar kan førekomme. Vi sender bøkene via posten og legg faktura ved sendinga. Generell forfallsdato er 15 dagar frå utstett faktura. Ved for sein betaling vil det bli lagt purregebyr på faktura. Etter purring vil kravet bli sendt til inkasso. Dale bok & papir a.s føreheld seg retten til kredittvurdering. Dale bok & papir a.s har salspant i leverte varer inntil kjøpesum, gebyr, renter og andre kostnader er betalte.

Bestilte varer vert sende så raskt som råd er. Ved utselde bøker vil kunden motta beskjed om dette på e-post. Straks etter bestilling er mottatt vil kunden få ordrestadfesting på e-post. Alle forsendelsar vil vere i oppkrav iht Postens satsar. Vi prøvar alltid å sende så rimeleg som råd er. Får vi uavhenta pakkar i retur vert kunde belasta kr 150,- i gebyr. Dale bok & papir a.s kan ikkje lastast for eventuelle forseinkingar hjå transportør. Leveringstid vil variere med transportøren sine leveringsvilkår.

Reklamasjon, angrerett og retur av varer

Ved mottak av varer bør kunde undersøke om vara er i samsvar med bestillinga, om den er skada under transport eller har andre feil eller manglar. Om kunden finn feil eller manglar skal heving av kjøp, eventuelt prisavslag eller refusjon av returkostnader avtalast med Dale bok & papir a.s, enten pr. telefon 57 73 68 70 eller på e-post til post@dalebok.no. I følgje angrerett kan kunde returnere varer innan 14 dagar frå vara vart mottatt. Ved bruk av angreretten fyller kunde ut og legg ved angrerettskjema med returen. Har ikkje kunde mottatt angrerettskjema saman med bokpakken, vert angrefrist utvida til tre månader frå mottatt vare. Bøkene må returnerast frå kunden i den stand kunden mottok dei.

Send retur til: Dale bok & papir a.s. Dale Senter, 6963 Dale i Sunnfjord og legg ved utfylt angrerettskjema.

Lovverk og tvister

Når kunde handlar hjå Dale bok & papir a.s gjeld alminnelege kjøps- og avtalerettslege reglar innanfor norsk lov. Som forbrukar er kunde underlagt gjeldande lovverk: E-handelslova, personopplysingslova, angrerettlova, marknadsføringslova, kredittkjøpslova og forbrukarkjøpslova.

Copyright © 2009-2012 Dale Bok & Papir as | administrasjon | Utvikla av CodeService.no | Drevet av CodePublish BHE 2.2