Aftenlandet
CD
CD med Aftenlandet kor dei har nytta tekstar frå Jakob Sande si dikting.
Jakob sande vart fødd i Dale i Sunnfjord den 1. desember 1906. Han døyde i 1967, og ville ha fylt 90 år i 1996, same året som denne plata vart innspelt. Han er nok mest kjend som lyrikar, men skreiv og fleire novellesamlingar. Den fyrste diktsamlinga, "Svarte næter", vart utgjeven fyrste gong i 1929, då Sande var 23 år gamal. Diktsamlinga "Dikt i samling", går no på 11.opplaget. Det er ikkje mange bøker som kan visa til liknande opplag, utanom Bibelen, då.
Mange har eit tilhøve til Sande sine dikt. Ein kan mest ikkje gå på ein einaste fest, utan at det sprett opp ein kar som kan eit Sande-dikt på rams. I jula er Sande i høgste grad tilstade, gjennom den udøydelege "Det lyser i stille grender", tonesett av Lars Søraas. Kva med Jon Eikemo si levande framstilling av "Etter ein rangel", eller Geirr Tveitt sine fortryllande tonar til "Fløytelåt"? Dette er nasjonalskattar av edlaste metall. Egil Monn Iversen, Kurt Foss og Reidar Bøe er og sterke personlegdomar som har konsolidert Jakob Sande som ein av dei mest særmerkte og folkekjære diktarane i Noreg.
På skulen lærer vi at "Jakob Sande er ein heimstaddiktar". Punktum. Det er vel knapt feil, men det er ein noko trongsynt merkelapp. Visst kjende Sande dei miljøa han skildra, både på havet og heime i fjøra, men han hadde synspunkt om livet og verda, som ber langt utforbi Fjaler. Det sterke engasjement for dei svake i samfunnet, er eit hovudtema i diktinga til Sande. Det er naturleg å samanlikna han med Alf Prøysen, som og synte eit sterkt sosialt engasjement. Sande skildrar menneske som slost for sjølvrespekten, han svingar pisken over misforstått hjelp og maktmisbruk.
På denne plata har vi og nytta tekstar frå ei linnare side ved Jakob Sande. Her finn vi vakre kjærleiksdikt, naturskildringar og positivitet. Men det finst og svartsyn og tragediar. Vi kan berre takka deg for at du kjøpte denne plata, og vonar at ho fall i smak.
Aage Vaksdal
Du må være innlogga for å poste kommentarar
Logg inn i kolonna til høgre eller Registrer deg no